Spegle Hyllandsfoss tilbyr eit unikt hotellrom i skogen og vedfyrt badstoge i spektakulære omgjevnader ved Hyllandsfossen i Vinje. Her bur du tett på natur og dyreliv, omkransa av fjell, skog og vatn – med ro, stillhet og kvilepuls i fokus.
Hotellrommet er bygde med glasveggar som speglar landskapet rundt og gir ei heilt spesiell kjensle av å vere ute og inne på same tid. Rommet har god seng for to personar, bad og kjøkenkrok. Når du bur i hotellrommet, har du reservert bruk av badstova på kveldstid frå kl. 19.00.
Badstova, Fløtarhuset, står på ein gamal historisk mur og speglar seg i vatnet og har god tilrettelegging for ein forfriskande dukkert i Hyllandshylen heile året. Badstova er vedfyrt og har plass til 2–3 personar. Ho kan bookast i 2-timars opphald gjennom heile dagen, frå kl 9 -19. For ledig kapasitet tykk her. Dette er eit populært tilbod, så det er lurt å vere tidleg ute med booking.
Ynskjer du å nytte badstova etter kl. 19.00, kan du ta direkte kontakt med Spegle. Dersom det ikkje er gjester i hotellrommet, let dette seg som oftast løyse.
Spegle Hyllandsfoss eignar seg særleg godt for ei stemningsfull overnatting for to, der ro, stillhet og ei større naturoppleving står i sentrum. Opplevinga passar òg perfekt som ei gåve eller overrasking – og kan kjøpast som digitalt gåvekort.