Silkevippa

Ein lun nisjebutikk med klede, gåver og utvalde skattar – handplukka med omtanke.

Kontaktinformasjon

Adresse:  Åmotvegen 3, 3890 Vinje
E-post:  post@silkevippa.no
Telefon: + 47 41 47 81 07
Nettside: silkevippa.no
Facebook: facebook.com/silkevippa?locale=nb_NO
Instagram: instagram.com/silkevippa/

Silkevippa er ein sjarmerande butikk med tilhald i eit hus med mykje historie i veggane. Bygget har tidlegare romma både postkontor og hotell, og i dag lever historia vidare gjennom ein butikk med eit heilt eige uttrykk og ei lun stemning.

Kari på Silkevippa har eit tydeleg fokus på miljø, fairtrade og gjenbruk, og legg vekt på medvitne val i både materialbruk og produktutval. Her finn du klede til dame og baby, velværeprodukt, garn og sjølvkomponerte kufter, saman med interiør, leiker, keramikk og kunst – alt handplukka med omtanke. Butikken byr også på små skattar som lokale matvarer, drops og søtsaker som passar fint som gåver.

Nisje butikken ligg i Åmot sentrum, litt for seg sjølv, men likevel lett tilgjengeleg – og vel verdt turen. Utvalet endrar seg med sesongane, og Silkevippa byr på ei roleg og inspirerande handleoppleving som både fastbuande og besøkande set stor pris på. Med sitt særpreg er Silkevippa med på å krydre handelstilbodet i Åmot sentrum.

Måndag - fredag:  10.00 - 16.30
Laurdag:  10.00 - 15.00
Andre tjenestar

Sjå kva du kan oppleva