Blomen Vinje er ein fagleg sterk og kreativ blomsterbutikk i Vinje, med blomster og dekorasjonar til både kvardag og høgtid. Her finn du alt frå bukettar og gåver til dekorasjonar for bryllaup, gravferd og andre markeringar.
I sommarhalvåret tilbyr butikken eit breitt utval av sommarblomar, stauder, tre og buskar. Med ein lidenskap for planter og høgt fokus på kvalitet, godt handverk og personleg service er butikken ein naturleg stopp for både fastbuande og besøkande.