Vinje rundt- kunst, kultur og landskap

Vinje rundt er ei stemningsfull rundreise gjennom historie, kultur og storslått natur – frå Åmot via Rauland, Arabygdi og Haukeli, før turen går attende til Åmot. Ei reise gjennom kunst, segner og landskap som har forma Vinje.

Aktivitetsinformasjon

Lengde:  ca .149 km
Tid:  2 t 25 m utan stopp
Kven:  For alle aldrar

Åmot – Rauland – Arabygdi – Haukeli – Åmot

Rundturen tek deg gjennom storslåtte landskap, levande kulturminne og små stopp som gjev kvilepuls. Turen er lang, og heile dagen bør påreknast.

På vegen opp mot Rauland køyrer du forbi tradisjonsrike gardar og ope fjellandskap. Totak ligg blank og speglar Raulandsfjella i vasskorpa – eit vakkert syn som set stemninga for resten av turen.

I Rauland kan du besøke skulptursamlinga etter kunstnaren Dyre Vaa (1903–1980). Her finn du eit mangfald av skulpturar, måleri, grafikk og teikningar. Vaa er mellom anna kjend for verket Mennesket møter naturen på Ankerbrua i Oslo.

Følg gjerne stien vidare ned til Skinnarlandsamlinga, som rommar meir enn 100 verk av Knut Skinnarland (1909–1993). Her finn du skulpturar, teikningar og grafikk, samt ein kopi av atelieret hans i Rauland. Museet har òg årlege sær- og salsutstillingar.

Før ferda går vidare langs Totaks strender, bør du ta turen innom Telemarkstunet ved Raulandsakademiet. Tunet er ei samling av kopiar av gamle hus frå Rauland, og her senkar roa seg raskt. Geiter som mekrar, born som leikar fritt, og aktivitetar som stylter, hesteskokasting og natursti gjer dette til ein fin stopp for både små og store. Blir du svolten, kan du nyte rjomegraut og spekemat i Årestoga – eller la deg lokke av dufta av nysteikte solskinsbollar frå steinomnsbakeriet i Eldhuset.

No går turen vidare mot Arabygdi. Vegen hit er smal og stemningsfull, med Totak på eine sida og Raulandsfjella på den andre. I Arabygdi finn du Myllarheimen, der den legendariske felespelaren Myllarguten budde dei siste åra av livet sitt. Minnesmerket på tunet er utført av Dyre Vaa.

Like forbi Myllarheimen ligg den gåtefulle Urbøuri, truleg Nord-Europas største steinur. Ho ligg på tvers av dalen og har gjennom tidene gjeve opphav til mange segner. Ei av dei fortel at vikingguden Tor i raseri slo hamaren sin i fjellet, slik at steinmassane rasa ned og fylte dalbotnen. På leit etter hamaren kasta Tor stein etter stein til side – og slik oppstod Torsvegen.

Torsvegen er ein merka tursti på om lag 1 km som går tvers gjennom steinura. Dette er ein lett og spanande tur midt i eit heilt unikt landskap. Urbøuri spelte òg ei viktig rolle under kampane i april 1940, då steingangar og holer vart nytta som gøymestader for norske motstandsstyrkar.

Ferda går vidare til Haukeli, før du køyrer tilbake mot Åmot langs europavegen. Om lag 23 kilometer frå Haukeli kjem du til Smørklepp, der det særprega Smørklepp kunstmuseum ligg. Museet er bygd i naturstein og teikna av arkitekten Bjart Mohr. Her kan du sjå ei stor samling måleri av Henrik Sørensen, særleg kjend for sine stemningsfulle naturskildringar frå Telemark, samt verk av Harald Kihle.

Nede ved elva ligg Mjonøy, kjend for nysteikt gjærbakst frå steinomn og ein populær friluftskafé med lokale råvarer og rause porsjonar. Tunet er omgjeve av gamle hus, og hengekøyer i skuggen gjer dette til ein perfekt stad for ein velfortent pause.

Etterpå kan du besøke Vinjesenteret, eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i liv og verk etter Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.

Turen kan rundast av med eit besøk på Midtbø, husmannsplassen og kunstnarheimen der Halldis og Tarjei Vesaas budde.

Sjå kva du kan oppleva