Lett tilgjengeleg i skogen kan de leike dykk gjennom den 900 meter lange, tilrettelagde flytløypa for sykkel. Løypa har blå gradering og passar godt for born frå om lag 7 år og oppover.
Dette er ei gruslagt rundløype som slyngjer seg gjennom skogen mellom portalen og hyttegrenda. Store delar av traséen er kloppa med trebruer, noko som gjev god flyt og ei trygg, opplevingsrik sykling.
Langs løypa finn du element som små hopp og dropp. Desse kan nyttast av dei som ønskjer litt ekstra utfordring, men kan også trillast forbi. Slik passar løypa for ulike aldrar og ferdigheitsnivå – og legg godt til rette for leik, meistring og gode ferieminne.
I enden av flytløypa ligg ei eiga hoppline for vidarekomne. Hugs naudsynt tryggleiksutstyr når du leikar deg her.