Nær førti somrar i grenda sette djupe spor i kunsten til Sørensen, og landskapet rundt Smørklepp vart ei viktig inspirasjonskjelde.
Museet ligg i eit særprega galleri i naturstein, teikna av den kjende arkitekten Bjart Mohr. Her får du eit nært møte med kunsten – plassert midt i landskapet som inspirerte ho. Også Harald Kihle har ein sentral plass i utstillinga; dei to kunstnarane både arbeidde og budde mykje saman i Smørklepp.
Eit besøk på museet kan med fordel kombinerast med ein lett og stemningsfull fottur i kulturlandskapet mellom Smørklepp og Mjonøy. Rundløypa tek deg gjennom det same landskapet som kunstnarane henta motiv, fargar og stemningar frå, og gjev ei heilskapleg oppleving av natur, kulturhistorie og kunst – særleg fin i sommarhalvåret.