Skiløyper i Vinje

Vinje byr på gode og velpreparerte skiløyper, og er samstundes eit naturleg utgangspunkt for skiopplevingar i heile regionen – med kort avstand til skidestinasjonane våre Rauland og Haukeli.

Aktivitetsinformasjon

Preparerte skiløyper:  150km

Vinje byr på over 150 kilometer preparerte skiløyper, fordelte på Åmot, Våmartveit, Kostveit og Øyfjell – frå lett tilgjengelege bygdenære rundar til store, samanhengande løypenett i ope vinterlandskap.

I Åmot og på Hyllandsheia driftar Vinje IL om lag 43 km skiløyper, Vinje Løypelag 48 km med løyper i Våmartveit og Kostveit. I Øyfjell finn du det største løypenettet, med om lag 70 km preparerte løyper drifta av Øyfjell Raudsinutan Løypelag.

I same kommune ligg òg Rauland og Haukeli – to av dei største og mest etablerte ski- og vinterdestinasjonane i regionen, med omfattande langrennsløyper, alpintilbod og sikre snoforhold gjennom vinteren.

For oppdatera løypeinfo og kart sjekk ut Løyper.net eller Sporet.no

Sjå kva du kan oppleva