Rundtur på sykkel Åmot – Øyfjell – Rauland – Åmot

Ein allsidig sykkelrunde som passar like godt for elsykkel som for racersykkel, anten du vil trene eller ta ein roleg dagstur.

Aktivitetsinformasjon

Lengde:  Om lag 50 km

Denne populære sykkelrunden byr på stor variasjon – frå bratte klatringar og svingete veg over Fiskestigen, til lengre, behagelege strekk med god asfalt og raske utforkøyringar. Turen passar like godt for elsykkel som for racersykkel, og kan køyrast både som effektiv treningstur eller som ein roleg dagstur med stopp undervegs.

Med Åmot sentrum som start følgjer du gang- og sykkelstien langs RV37 mot Hylland før du tek av mot Øyfjell ved krysset ovanfor Hyllandsfoss. Her ventar ein lengre motbakke opp Fiskestigen – ein jamn og krevjande klatring før vegen flatar ut ved Mjåvasskaret, eit fint punkt for ein kort pause.

Vidare slyngjer vegen seg gjennom ope fjellandskap og forbi små vatn mot Øyfjell, før ruta går vidare mot Austbø og Rauland. Frå Rauland sentrum følgjer du RV37 tilbake til Åmot, med lange, fine utforkøyringar og lett sykling siste delen.

Runden kan syklas begge vegar, alt etter kva type utfordring du ynskjer. For dei treningsglade finst det fleire Strava-segment på ruta, medan landskapet og utsikta gjer turen minst like fin for dei som vil ta det i roleg tempo.

Sjå kva du kan oppleva